Moa's eventyrlyst

Moa's eventyrlyst

KVIFOR?

Jo, fordi eg elske det! Eg elske livsstilen min! Når andre står tidleg opp om morgonen på ein mandag, for å tjena til livets opphold, her fin bil, flott stort hus og det som høyrer til ein A4 livsstil skal forsørgjast, kan eg liggje ute blandt morgenkvittringa og soloppgongen med flokkande gjømd ned i lyngen og solbrune kinn mot himmelen. 

Uten fast jobb og forpliktelsar kan eg den eine dagen vara på vestlandsfjella heime i bygda mi, og den andre dagen vara på veg til Canada, Nepal, Russland, Alaska, Chile... Ja, kor enn eg skulle ønske å spre eventyrlysten min. Det er noko så gir meg så mykje energi og levelyst, at eg bestem korleis eg vil leve mitt liv utan at nokon ska peike og dirigere meg kor eg skal gå og kva levemåte eg bør ha. 

 
I stø kurs mot ny destinasjon, drøm og nye erfaringar. Blandt dalføre i Chile, på veg til å krysse nordisbreen i Patagoina.

Mine drøymar og eventyrlyst tar ifrå meg tid med familie og venner, men igjen får eg tilbringe mykje tid med dei når eg kan vara heime på andre tider som dei fleste ikkje har moglegheit til. Å klatre høge fjell eller vandre blandt rovdyr byr på risiko og kan by på farlege situasjonar, men det bringe deg nermare naturen og nermare deg sjølv. Du må stole på deg sjølv og det handla om å jobbe på lag med naturen. Andre kunne aldrig tenkje seg ein slik kvardag her dei ikkje veit kva som vil møte dei: Ein isbjørn i teltet, eit snørass blandt vertikale vegger i Himalaya eller djupe issprikker på Grønland eller i arktiske strøk. Men dette gir meg mykje spenning og iveren til å ville meir, møte nye folk, destinasjonar og kulturar. Folk er blitt vanedyr og vil ha det behageleg og fint, men me er i bunn og grunn dyr som ønske å følje resten av «ulveflokken». Hiv andre seg med på klatrekurs, eller ein aktiv ferie som er uten om det vanlege, snur trenden og fleire vil heller oppleve enn å slappe av på ein strand. Opplevingar og erfaringar har blitt prestisje som gjer at fleire og fleire reise ut på ekstreme opplevingar for å få avbrekk på ein meir avslappa kvardag her ein veit kva som komme til å skjer kvar time, kvar dag og kvar veke. 

 
Utan nye utfordringar kjem heller ikkje nye erfaringar. 8000 meter fjell er ein av de utfordringane som gjer deg rikare på nye erfaringar. Bilete tatt like under toppen på Manaslu 8163 moh
 
Dei fleste vel å fokusere på kor hardt og vågalt det er å vandre på lange ekspedisjonar, eg vel å fokusere på det posetive. Det som driv meg på slike turar, det er heilt klart å kjenne på lykken og vara takksam for å drive med det eg elskar, ja ha det kjekt. Lite er det vert å vandre blandt vertikale isvegger viss ikkje smilet lurar seg fram bak ulike situvasjonar. Smilet er den viktigaste muskelen som skal brukast!
 
Var det kaldt? Ordet kaldt er relativt! Har eg lert, -50 kuldegrader, ikkje langt ifrå kysten i arktiske Alaska, er friskt! Men ulike lerdommar ifrå fine urbefolkingar verden iver gjer ein ruttinert korleis ein skal holde på kroppsvarmen.

Eg vel vekk matrielle goder og trygghet for å leva som eg gjere. Det kan høyrast superenkelt å vara eventyrar, men det er ikkje det eg yttrykkjer. Men friheten, fjella og verden er verdt det som er ulempen av å ha ein slik livsstil. Kvar ein livsstil krev sitt, ein A4 livsstil er jaggu ikkje til å kimse av heller: Kvar veke full rulle med ungar, skule, jobb, fotballtreningar... Ja, eg veit ikkje kva dei skal nå over, men det er ikkje ratt lite! Det syns eg er imponerande - at det er mogleg å køyre på høygir over så lang tid. 

Eg syns det er superkult at folk leve ut den levevegen ein ønskar, om det er familieliv, sykkelproff, surfeproff eller kva det skulle vore. Det inspirerar meg at folk går mot det dei brenn for sjølv om det ikkje er den lettaste vegen. Stå imot familien og dei nermaste formeingar og håp om ei anna framtid for deg er alt verdt det når du når dine drømmar og mål i livet. For sjølv om andre har laga ei framtid for deg betyr ikkje det at det er den rette utvegen for deg, sjølv om det lettaste er å følje der alle andre har trokka spor. Mitt råd er å aldrig gi seg, stå på ditt og gjer det du har lyst til! Eg kan sei det såpass at foreldre og venner vil etterkvart gi opp om håp at du skal skape ein anna framtid for deg sjølv. Viktigaste er å ha trua sjølv og vara klar til å ofre det det vil koste å leva deretter! Pusse tenna og legge seg i sovepåsen i uvissheit kva ein skal vokne opp til gjer meg lykkelig. Flokkane i håret er større for kvar morgon og kinna brunnare, men kva naturopplevelse står for tur dagen etter er det ingen så veit, når ein målet, kva dyr vil ein støte på, har ein nok sjokolade for neste dag, etappe vil berre visdom om å leve i nuet veta.